Dunce - Lut og kaldt vatn

Jens K. Styve har med Dunce-serien vunnet båe Dagbladet sin teikneseriekonkurranse i 2016 og Pondus-prisen i 2017.

I denne boka flyttar JensK og kollegene inn i eit hipt «coworkingspace» der ingen får noko gjort, men utviklar ein app for det. Haustdepresjonen går over då straumen vert borte, og den nyinnflytta hunden Brego hjelper Gustav med ei skuleoppgåve om fuglar, fordi han er ein fuglehund.

Jens K Styve, som opphaveleg er frå Hjelmås i Nordhordland, men no bur i Tromsø, har gjort stor suksess med stripeserien Dunce. Serien vann Dagbladet sin teikneseriekonkurranse i 2016 og Pondus-prisen i 2017. Den går fast i Dagbladet, og ti andre aviser, dessutan er den fast i Radio Gaga-bladet.

Sagt om Dunce: 

«Dunce er blitt en favoritt. Ferdig arbeid!»
– Pondus-skaper Frode Øverli

«(Dunce er) i tetsjiktet i norske tegneserier. Vent litt. Stryk ‘norske’, så nærmer vi oss. (...) Dette er en personlig serie du kommer til å bli glad i. Hvis du ikke allerede er det.»
– Lunch-skaper Børge Lund

Bestill boka herBla i boka her